Lørdag 2 September 2023
Kl. 18:00, Holmedal bygdehus
Tradisjonsmusikk til tusen
Set av datoen 02.09. 23 for denne kvelden må du få med deg

Holmedal Bygdemuseum arrangerer møte mellom folkemusikarar/spelmenn frå heile Dalsfjorden denne dagen. 

Her vil du treffe Dalsfjorden Spelemannslag, folkemusikar og hardingspelemann Egil Furnes, og ennå fleire- Gro Marie Svidal , opprinneleg frå Jølster, no busett i Sverige kjem. Ho er også folkemusikar og produsent. Linda Gytri kjem med folkemusikk på trekkspel. Enno fleire kjem til. Utgangspunktet for det heile er ei fele laga av felemakar Arne Larson Rivedal i Oslo i 1908 som Holmedal Bygdemuseum har fått i si eige. Resultatet er tenkt å brukast vidare i formidling om spelmannstradisjonane på Holmedal Bygdemuseum. Sjølvsagt vert det mat. Og ikkje minst utstilling av feler brukt av våre lokale, dyktige spelemenn. Per Arne Tveit leiar det heile. Gaute Losnegård tek seg av interju med utøvarane ma. Ordførar Ole Andre`Klausen opnar arrangementet.

 
Meir opplysningar kjem etterkvart. men set av 02.09.23 til ein skikkeleg kultur og festdag i Holmedal Bygdehus.



2024 © Askvoll Frivilligsentral