Lørdag 24 Juni 2023
Kl. 13:00, Rivedal galleri
Sommaropning av Rivedal galleri
Rivedal galleri er eit lite galleri i Rivedal i Askvoll kommune. Galleriet er eigd og drive av Oddveig Lyngstad som sel trerelieff, måleri, smykke, dørskilt i tre m.m. Kvar sommar og i desember har galleriet også gjesteutstillarar.

Vi har sommaropning laurdag 24. juni kl 13.00. Då skal vi ha amerikansk auksjon, og du kan vere den heldige som kjem nærast «det magiske nummeret», og dermed bli eigar av dette trerelieffet. Pengane frå auksjonen går også i år til @sunnivasminnefond

Velkommen til opning av årets sommarutstilling! Dei to hovudutstlliarane er Christina Fredriksen og Enna Wenche Kowalski Solvang. Meir om kunstnarane her: www.rivedalgalleri.no
Kunstnarane vil vere til stades.
Sondre Vagstad Eimhjellen syng ved opninga. Det blir enkel servering og amerikansk auksjon ute i gallerihagen.

Elles: Oddveig Lyngstad sine trerelieff i Stabburet og eit rikt utval av biletkunst og kunsthandverk av ulike kunstnarar: grafikk, maleri, keramikk, smykke, tekstil, kort.

2024 © Askvoll Frivilligsentral