Onsdag 1 November 2023
Kl. 18:00 - 21:00, Førde omsorgssenter
Pårørandekurs for pårørande til personar med demens

Pårørandekurs for pårørande til personar med demens

Kurset er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein ven med demenssjukdom.

Tid:

Kurset går over 4 kveldar frå kl. 18.00 - 21.00:

  • 25. oktober 2023
  • 1. november 2023
  • 8. november 2023
  • 15. november 2023

Stad:

Førde omsorgssenter, puben i 1. etasje.

Adresse: Langebruvegen 32, 6800 Førde.

Tema:

  • Kva er demens?
  • Kommunikasjon og samhandling
  • Pårørandeerfaring og eigenomsorg
  • Hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • Støtteordningar og tenester

Personen med demens kan vere heimebuande eller bu på institusjon. Gjennom faglege innlegg og gruppesamtalar får du kunnskap om demens. Du får møte andre i same situasjon og fagpersonar med kompetanse på området. Vi legg vekt på openheit i trygge omgjevnadar. Opplysningane som kjem fram skal bli mellom deltakarane.

Påmelding innan 11. oktober til:

Demensteamet i Askvoll
Telefon: 908 50 270

Arrangør: Demensteama i Sunnfjord, Fjaler og Askvoll kommunar

2024 © Askvoll Frivilligsentral