Søndag 25 Juni 2023
Kl. 12:00
Hagevandring på Fure og i Flekke
Ein heil dag med hageglede i to svært ulike hagar! Furenesvegen 120, 6967 Hellevik i Fjaler og Flekkekleivane 50, 6968 Flekke

Ein heil dag med hageglede i to svært ulike hagar!

Vi startar hjå Patricia og Tore Iden, Furenesvegen 120 på Fure kl
12. Det går ferje frå Askvoll kl 11:30 for dei som kjem denne vegen.
Hagen og huset er nøye planlagt rundt tunplassen og dei gamle trea som framleis står der. Reine linjer og mykje vintergrønt finn vi her.

Deretter går turen til Flekke, ca kl 15, der vi besøker Lesley Wilson,
Flekkekleivane 50. Hagen er inspirert av William Robinson og boka han skreiv i 1870, ‘The Wild Garden’. Innimellom naturtomt og villhagen er sitteplassar med strammare linjer for å bevare struktur og samanheng gjennom hagen.

Dette vert ein dagstur, vonaleg i strålande sol og sommarvarme!

Vi gler oss og håpar på mange besøkande og fint vêr!

Servering av kaffi/te og noko godt attåt! Velkomne!

Arrangør: Askvoll og Fjaler Hagelag
For spørsmål kontakt: Lisbeth 920 14 204 eller Anne-Gro 909 32 744

2024 © Askvoll Frivilligsentral