Torsdag 31 August 2023
Kl. 19:30, Askvoll bibliotek
Forfattarmøte

Forfattarmøte med Åse Gulbrandsen og Jurgen Bender

Torsdag 31. august kl. 19.30 arrangerar Askvoll bibliotek nytt forfattarmøte på Askvoll bibliotek (Bankbygget i sentrum).

Kom og høyr biblioteksjef Linda i samtale med Åse Gulbrandsen og Jurgen Bender.

Åse Gulbrandsen er førskulelæraren som etter å ha jobba med barn i nesten 30 år “møtte veggen” og yngste å endre kurs.

Modig etablerte ho eige gravferdsbyrå i Mandal. Nå bur Åse i Ebeltoft i Danmark, saman med ektefellen Jurgen Bender, og er forfattar og føredragshaldar på heiltid (7 bøker til nå).

Jurgen Bender har bakgrunn som yrkesmilitær og er utdanna grafisk designer. Han eig, og er kreativ ansvarleg for, Sputnik Design og Kommunikasjon. Han har i tillegg ei stor interesse for mat, og har vore med på utarbeiding av fleire kokebøker. Til dagleg arbeider Jurgen som Beredskabskonsulent for Præhospitalet, Region Midtjyllan.

I løpet av arrangementet vil vi få høyre om kva grep Åse og Jurgen har tatt for å kunne leve Det enkle livet – kva det har vore nødvendig å fokuserer på for å få dette til.

Dei vil også fortelje om korleis dei samarbeider som kunstnarar, samt lese høgt frå fleire av bøkene deira.

I biblioteklokalet vil nokre av Jurgen sine illustrasjonar vere utstilt.

Enkel servering – gratis inngang.

Vi gledar oss til at DU kjem.

Velkomen!




2024 © Askvoll Frivilligsentral