Lørdag 11 April
Kl. 10:00 - 00:00, Askvoll
Damenes Dag

Er du klar for ein fullspekka dag med aktiviteter, glitter og glam - for kvinner?🪩🥳

I løpet av dagen kan du melde deg på valfrie workshops i Askvoll. Vi avsluttar det heile med glitter og glam i Askvoll Samfunnshus.

Du kan melde deg på dei forskjellige workshopane med å booke billett her:
https://tikkio.com/events/62861

Pris og info står i beskrivelsen på kvart arrangement.

Plan for dagen:
10.00 - Dagen startar med sjøbad og bål på Øyra.

11.00 - 13.00 Ulike Workshops

- Pilates med Inger-Berit på Askvoll fysioterapi
- "Bli stylet til fest" med Turid Mattevik på Storm salong
- Sirkeltrening med Anne Grete Lien på Askvoll Fysioterapi
- «Farger slik du ser dei» med Anita Søreide
- Personleg shopper hos Walas Verden og Mølla m/ Janne Celin
- Åpning av Mana Studio med Anniken Gjørøy (åpent for alle)

13:00 Kafébesøk på Askvoll Sjøbuer med foredrag om mote m/ Janne Celin

Alle aktivitetar er valfrie, og ein treng ikkje delta i dagens program for å kjøpe kveldsbillett.

Etter dagens aktivitetar går vi kvar til vårt før vi ladar opp til kveldens store arrangement i Askvoll Samfunnshus. Billett her:

17:00 Damenes Aften i Askvoll samfunnshus!
Billett her: https://tikkio.com/events/62862

Kvelden startar med ein rosa velkomstdrink før Bjørg Thorhallsdottir tek oss med «Inn i lykkebobla» med sitt foredrag. Med varme, humor og sterke historier tek ho oss med inn i lykkebobla - eit foredrag om livsglede, mot og det å vere menneske.

Det vert utsøkt tapas frå Askvoll Sjømat og Delikatesser. Baren er open, og kvelden byr vidare på underhaldning, musikk og god stemning 🪩

Dette er kvelden for å kle seg litt ekstra fint, ta med venninner, kollegaer eller kome aleine og møte nye folk. Ein kveld for påfyll, glede og gode opplevingar - midt i hjartet av Askvoll.

Billetten inkluderer:
✨ Inspirerande foredrag med Bjørg Thorhallsdottir
🥂 Velkomstdrink
🍴 Tapas frå Delikatessen
🎶 Underhaldning og god stemning
💛 Ein kveld fylt med fellesskap, inspirasjon og opplevingar

Arrangement er laga av Turid Mattevik, Inger-Berit Haugen og Connie Heggøy i samarbeid med Opplev Askvoll (Askvoll Næringsutvikling) for å skape meir liv og aktivitet i bygda.

Evt. profitt vil skape nye og kjekke hendingar i Askvoll! Når du støttar dette arrangementet bidreg du også til fleire liknande arrangement.

Ja til ei levande bygd  

2026 © Askvoll Frivilligsentral