Barnas Turlag samarbeidar med Barnefestivalen i Askvoll, og inviterar til ein tur på nye vegen i Prestegarden Rundt. Vi møtes med kyrkja i Askvoll, og går den nye vegen opp til brua, og nedatt. Turen skal vare ca. ein time, frå 10-11.
Borna plukkar med seg greiner/kvistar dei finn på turen, for å lage ein bukett når vi kjem nedatt til kyrkja.
Klokka 11 arrangerar kyrkja i Askvoll barnegudsteneste. Dei som ynskjer kan gå frå turen og inn på barnegudstenesta. For dei som ikkje ynskjer det, sluttar turen her. Kyrkja arrangerer kyrkjekaffi etter barnegudstenesta, med kaffi og noko å bite i.
Den nye vegen er blitt kjempefin, og det er fullt mogleg å gå turen med barnevogn. Vi håpar flest mogleg vil vere med oss på tur denne søndagen. Det er meldt fint vêr, og frisk luft er alltid godt