Mandag 15 Desember 2025
Kl. 16:45, Bulandet og Værlandet Fleirbrukshall
Line Dybedal duo

Line Dybedal duo inviterer til julekosert i "Hallen", mandag 15. desember 2025.

� Ei musikalsk pustepause i mørketida �
Velkomen til ein stemningsfull førjulskonsert med artisten frå Selje – kjent for radiosuksessar som «På ei øy», «Bli med heim» (frå NRK-serien med same namn), «Et slør av lys» og julesingelen «Ønsket mitt».

Med nære og ektefølte tekstar, drøymande melodiar og ei stemme som rører ved hjartet, inviterer ho til ei varm og fredfull stund midt i førjulsstria. Gitarist Johannes Nøkling Aagaard bidreg med funklande tonar som løftar stemninga ytterlegare.

Du får høyre:
• Eigne julelåtar og fjorårets julesingel «Ønsket mitt» – ei ny, norsk tolking av «Have Yourself a Merry Little Christmas»
• Kjende og kjære julesongar og salmar
• Små historier om folk, liv og lys i mørketida

� Konserten har eit enkelt, akustisk uttrykk med levande lys og varme tonar. Her handlar det ikkje om glitter og stas, men om ro, nærleik og musikk som rører.

� Tid og stad:
Dørene opnar kl. 16:45 med kafé
Konsertstart kl. 17:30
Billettar kjøpast i døra:
350,- vaksne / 100,- born

� Velkomne til ei stund der julefreden får senke seg. 

2026 © Askvoll Frivilligsentral