Søndag 16 November
Kl. 11:00 - 14:00, Askvoll Storehaugen (parkeringsplass)
Dugnad
Dugnad søndag 16/11, klokka 11-14. 
Turvegen Prestegarden Rundt skal oppgraderast med nytt fast dekke og ny bru over Presteelva. Kommunen samarbeider med Askvoll IL og fleire andre frivillige lag.
Turvegen er eit viktig og mykje brukt turområde for barn, unge og eldre, og Askvoll IL har forplikta seg til 100 dugnadstimar i prosjektet.
Vi skal rydde vegetasjon langs traseen fram til brua ved Slettevollen (ca. 700 m). Den inste delen er alt tatt.
Oppgåvene er å sage greiner opp til ca. 4,5 meters høgde, fjerne busker og greiner innanfor 3–4 meters breidde, og legge kvist i mindre haugar litt inne i skogen. 
Ta med arbeidshanskar, greinsaks eller sag om du har.
👉 Har nokon teleskopsag (4 m) dei kan ta med? Vi treng ei eller to ekstra.
Vel møtt – jo fleire vi er, jo raskare og kjekkare går det! 💪
Oppmøte ved parkeringsplassen ved Storehaugen (inngangen til Askdalen).
2025 © Askvoll Frivilligsentral