Torsdag 6 November
Kl. 19:00, Holmedalsvegen 347
Ein Herre med namnet Parkinson

Rolf spelar «Ein herre med namnet Parkinson» i Vårdal Grendahus torsdag 6. nov. kl 19



Dette er ei sterk forteljing om å leve med Herr Parkinson, som ikkje tåler anna enn fullstendig underkasting og som vil eige heile deg. Rolf har hatt sjukdommen i eit par år, og han fortel om den daglege kampen mot dei nedbrytande kreftene, om kampen for verdigheit. Om kampen for å overleve.



Forestillinga, som er under utvikling, hadde første lesning på Teater Vestland i juni. På nyåret vil den komme på turne og 6.Nov får Vårdal Grendahus ein smakebit før den er ferdig. Vel møtt!

Pris kr 100 pr.person. Billettsal i døra. Ein kan betale med kort eller vipps.

2025 © Askvoll Frivilligsentral