Endeleg nytt sytreff i Holmedal bygdehus! Sy fredag frå kl 16 til 21 og lørdag frå kl 12 til 21. God tid til å fordjupe seg i større prosjekt, eller mange små! Helge-treffet i september var ein kjempesuksess.
Trur du ikkje sying er noko for deg? Det er det fleire som har sagt, men som kjem igjen gang på gang når dei først har kome innom. God stemning, konsentrasjon og prat om sying, sy kva du vil, ver kreativ og køyrd din eigen stil!
Inga tidlegare erfaring med symaskin er nødvendig for å komme, men vi ønsker at yngre barn kjem i lag med ein ansvarleg vaksen. Det er ikkje instruktørar eller vakter på sytreffa, så vi treng at det er nokre vaksne som hjelp og støttar litt, så det blir kjekt for alle!
Lørdagen vert det ope i 1. etg med kafè, balanseløype og brettspel frå kl 14 til 16. Ta gjerne med niste for å ete i niste-kroken i storsalen om du skal vere til langt på kveld. Viktig med påfyll!
Vel møtt til ei kreativ og kjekk helg!
Helsing Syklubben i Holmedal Ungdomslag
P.S: Har du stoff, sytråd til symaskin eller anna sytilbehør du ønsker å gje vekk til bruk på sytreffa? Ta kontakt!