Lørdag 31 Mai
Kl. 16:00 - 17:30, Rivedal Grendahus
B. Dybwad Brochmanns Forsvarstale
Året er 1947, og Bertram Dybwad Brochmann er tiltalt for landssvik. Saka står i Voss heradsrett, og Brochmann må forklare seg framføre domstolen.   Basert på stenografiske referat, rettsdokument, Brochmanns eigne tekstar og talar framsynar skodespelar Kyrre Eikås Ottersen ein monolog av Torkil Sandsund som tar ein tilbake til store dilemma i mellomkrigstida og under 2. verdskrig. Brochmann satt på Stortinget frå 1933–1936 og var en kjent og aktiv samfunnsøkonom, folketalar, forfattar politikar og gartnar frå Bergen i mellomkrigstida. Han advarte sterkt mot nazismen i oppbygninga til 2. verdskrig, men i krigens første dagar kom Brochmann med fleire ytringar som var tyskvennlege og kritiske mot England. B. Dybwad Brochmanns forsvarstale er laga av Fjaler Turnéteater, eit teater som er etablert for å produsere og presentere ny scenekunst i bygder og grendehus, like mykje som i byar.

Bilettar kr. 200,- (150,- for medlemmer i Askvoll Folkeakademi)

Kafe i Grendahuset frå kl. 14.00

2025 © Askvoll Frivilligsentral