Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan?
«Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for heile familien, der me utfordrar barnas sans for rettferd og dukkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd.
Du møter hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte.
Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert på Litteraturbåten Epos.
Skodespelar Lina Taule Fjørtoft står på scena, og Adele Lærum Duus har manus og regi.
Gratis inngang!
PS: Kvifor ikkje gjere det til ein heilaften og ta middagen på Askvoll Fjordhotell? Hotellet tilbyr teatermiddag før førestillinga:
Lammecarrè kr. 295,- Pasta Bolognese (born) 110,-
Gje melding til hotellet innan 15.oktober. Tlf: 48106474
Samarbeid mellom Askvoll Folkebibliotek og Askvoll Folkeakademi