Fjordane Friluftsråd arrangerar seglas i Askvoll med galeasen Loyal. Toktet kjem til å vare i 2-dagar med ei overnatting. Arrangementet er opent for alle som vil delta, og det er heilt GRATIS.
Innhald: På toktet får ein moglegheit til å oppleve nydeleg natur frå skutesida i Askvoll kommune. I løpet av dagane vil det vere fokus på kystkultur, kysthistorie, vi kan fiske og/eller sette teiner, samt lære grunnleggande friluftsliv. Vi vil også gjennomføre ein ryddeaksjon for å fjerne marin forsøpling frå kystlinja.
Dette er moglegheiten til å komme tett på og få fantastiske naturopplevingar, vere sosial og samstundes bidra til ein reinare natur.
Bli med!
Praktisk:
- Oppmøte ved Delikatessen i Askvoll kl 16:45
- Arrangementet startar kl 17:00
- Mat er inkludert
Ha med gode klede, pakkeliste vert sendt ut i forkant av seglaset.