Kom bli med Barnas Turlag på Halloweendiskotek i gapahuken!
Vi gjentek suksessen med halloweentur, og inviterar til diskotek i gapahuken i Askvoll. Vi fyrer i bålpannene og diskar opp med pølser i brød eller pinnebrød for dei som ynskjer det. Om du ynskjer å grille marsmallows eller andre ting er det fritt fram å ta med seg det ein ynskjer, både god mat eller skummel mat.
Vi går frå vegen opp i Storehaugen klokka 17:00, men ein kan også gå frå Prestemarka og møte oss i gapahuken ca 17:30. Kjem de seinare er det også heilt OK, vi held liv i bålpannene så lenge det er folk på tur.
Vi håpar mange vil vere med oss på diskotek, og alle som vil kan kle seg ut. Vi ynskjer både spøkelser, prinsesser, hekser og skilpadder velkomne. Kanskje klarar du å overraske oss med kostymet ditt?
Ver kreativ og ha det gøy! Vi sjåast til halloween-diskotek.
Og du, P.S: Vi stiller klokka natt til sundag 27.oktober, så pass på å møte til riktig tid. Vi vil også oppmode om å kle seg i refleks, og ta gjerne med lommelykt eller hovudlykt til turen heim, eller for ein ekstra skummel effekt