Lørdag 16 Desember 2023
Kl. 13:00 - 16:00, Samvirket i Dale
Jubileumsmarkering for Dalsfjordbrua 10år etter

Aksjon Dalsfjordbrua inviterer med dette til markering med kultur, utstilling, film, informasjon, politisk samtale i det nye kulturhuset Samvirket i Dale laurdag 16.desember kl 13.00 og utover dagen.

Like viktig som feiring vil arrangementet synleggjere ringverknader så langt. Vi ynskjer å sjå framover i HAFS med pågåande prosjekt som bru i Solund, Atløysambandet, rassikring i Heilevang og fylkesveg 57 mellom Dale og Førde.

Vi har sjølvsagt invitert noverande statsforvaltar og tidlegare samferdsleminister Liv Signe Navarsete i samtale med Helge Johnsen, Arve Helle, Tore Bråstad for litt mimring, men mest om framtida! Samtalen vert leia av Per Arne Tveit.

Arrangementet er gratis, det vert enkel servering og vi lovar ei hyggeleg stund i julestria.
Konferansier gjennom dagen er Henning Rivedal.

Det skjer også noko torsdag 14.12, sjølve opningsdatoen av brua, følg med på brua!

Utstillinga er laga i samarbeid med Reisæter kulturtenester og Fjaler Film m. fl.
David Zadig vil stille ut foto han tok i 2013 under bygginga av brua og av arbeidarane. Dei finn du i utstillingsrommet på Dale Senter og nokre inne på Samvirket. Salsutstilling.

Kontaktpersonar:
Rolf Kleiven tlf 41530772
Margrete Reisæter tlf 99548767

2024 © Askvoll Frivilligsentral