Det vert sjølvsagt julebasar også i år! 3.desember klokka 16.00 i Holmedal bygdehus samlast vi til kaffi, kaker, årer og lodd. Musikklaget kjem og sikrar julestemning, og kanskje kjem nissen også?
Klokka 15.00 er det lysmesse i Holmedal kyrkje, deretter tenner vi julegrana før basaren startar 16.00.
Har du ikkje fått sikra deg lodd enno? Fortvil ikkje, du har fleire måtar å ordne deg på!
Du kan vippse til 521838 - Holmedal Vel, og sender ei melding til Helga på mob 41145673 om kven lodda skal skrivast på.
Du kan kjøpe lodd på eldresenteret i Holmedal kvar tysdag frå 17.-19.
Fredag 24. og laurdag 25. november finn du loddselgarar på kystgården i Askvoll.
Loddbøker er også tilgjengelig på Mølla og Husflidsbua i Askvoll.
Vel møtt alle til ei triveleg førjulssamling!
Arr: Holmedal Vel og Holmedal Ungdomslag i samarbeid