Søndag 21 Mai 2023
Stongfjorden
Stongfjordfestivalen

I år fell 17. mai og Kristi himmelfartsdag på same veke (veke 20), og dette tenkte vi å kombinere med heimkomsten til MS Stangfjord og opninga av Fjordkysten regional- og geopark sitt besøkssenter i Stongfjorden.

Litt om Fjordkysten regional- og geopark:
Denne geoparken strekk seg over kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Solund og har til føremål å fremje kunnskap og vekke interesse for både naturhistoria og kulturhistoria til regionen vår, og i Askvoll og Stongfjorden vil fokus vere på berggrunnsgeologien og industrihistoria. Kvar av desse fire kommunane vil ha eit besøkssenter, eit såkalla episenter, og Stongfjorden har vore så heldig å få tildelt episenteret for Askvoll kommune. I starten vil dette vere i lokala hos Sunnfjord Geo Center, men målet på sikt er å etablere eit episenter med utstillingar og informasjon i skulen. Episentera i alle fire kommunane vil ha ei offisiell opning no i løpet av våren, og i Stongfjorden vil altså dette skje i ei skikkeleg festveke i midten av mai.

-------------------------------------------------------------------------------

PROGRAM:

Onsdag 17. mai – Grunnlovsdagen

- Feiring av grunnlovsdagen med leikar, 17. mai-tog, musikk og program i sentrum og i Grendahuset.
- På ettermiddagen syner Stangfjord teater stykket «Escape room» i kyrkja. Det vil kome eige oppslag frå 17. mai-komiteen.
-------------------------------------------------------------------------------

Torsdag 18. mai – Vi feirar friluftslivet

10:00-15:00: Himmelfart med lokal guide
- Fellestur til Skålefjellet (767 moh.). Turen til toppen tek om lag 2,5 timar i roleg tempo. Her oppe ventar ei nydeleg utsikt. Avgang frå Stongfjorden skule kl. 10:00.
- I tilfelle dårleg vêr vert det sett opp tur langs industriminneløypa.

15:00-18:00 Grilling i gapahuk
- Vi fyrer opp grillen i gapahuken i Gjerdedalen. Både fjellfolk og låglendingar er invitert til å ta med seg eigen grillmat og delta på ei hyggeleg samkvem under fjella. Det vert aktivitetar og lett underhalding.
-------------------------------------------------------------------------------

Fredag 19. mai – Vi feirar naturhistoria

10:00-12:00: Geologiske aktivitetar for born og vaksne i sentrum
- Gullvasking i Stangselva, «Steinstien», diverse konkurransar og utstillingar.
- Sirkuskafé i Baden.

12:00-14:00: Arrangement i Grendahuset

- Introduksjon av Fjordkysten regional- og geopark.
- Presentasjon av Sunnfjord Geo Center.
- Fagseminar med ekspertpanel – korleis har landskapet vårt blitt til?

14:00-16:00 Guida geologitur i sentrum
- Ekskursjon rundt Stongfjorden sentrum med geologar frå Sunnfjord Geo Center og Fjordkysten regional- og geopark. Korleis kan vi lese den geologiske historia ut frå dagens landskap?

16:00-17:00 Opningsseremoni for episenteret
- Grunnsteinsnedlegging ved Fjordkysten regional- og geopark sitt besøkssenter ved skulen.
- Talar.
- Kulturelt innslag.

10.00-19:00: Servering og kafé på Fjorden Pub.

19:00: Konsert med The Other End i Hønsehagen vinkjeller
- Ei unik musikkoppleving i ei unik atmosfære. Informasjon om billettar kjem etter kvart.

22:00: Pubkveld på Fjorden Pub
-------------------------------------------------------------------------------

Laurdag 20. mai – Vi feirar kulturhistoria

11:00-13:00: Flaggskipet vårt, «M.S. Stangfjord», kjem heim!
- Konvoi av fartøy inn fjorden. Alle som har båt på sjøen vert oppmoda til å delta.
- Velkomstseremoni på den nye kaia, med talar, musikk og underhalding.

13:00-17:00: Marknad i sentrum
- Lokale verksemder stiller med boder for sal av mat og anna i området rundt skulen og fabrikken.
- Sirkuskafé i Baden.
- Utstillingar, filmframsyning og sal av mat og bakevarer i skulen.
- Turar med M.S. Stangfjord på fjorden.
- Industrihistorisk guiding med lokale ekspertar.

17:00: Teater
- Stangfjord Teater syner «Escape room» i kyrkja.

20:00: Bygdedans
- Sunday Morning spelar opp til dans under open og skyfri himmel på plassen framfor Grendahuset.
-------------------------------------------------------------------------------

Søndag 21. mai – Søndagstur i Grimelia

14:00: Guida tur i Grimelia med fortelling om gruvedrifta og samfunnet
15:00: Friluftsgudsteneste ved gruvene med kaffi og kaker attåt



Mvh

Stongfjorden Vel, Sunnfjord Geo Center, Stangfjord Teater, MS Stangfjord, Fjordkysten regional- og geopark og Nærbutikken Stongfjorden.

Vi gler oss!

2024 © Askvoll Frivilligsentral