Om artisten:
Stig Ulv er ein sta strengeinstrumentalist med underfundig humor som leikar seg gjennom sine møte med publikum. I 2021 feirar han ti år som soloartist og i 2022 er han klar med bok. Boka har fått namnet "Strengar av ord", og ein konsert med Stig Ulv innehalde musikk, opplesing og bilete.
Gitaristen frå Ørsta har sakte, men sikkert tileigna seg eit stort publikum rundt om i landet. Han har pakka koffertane med instrumenta i bilen, og køyrt tusenvis av mil for å møte dei som har trengt ei pause frå kvardagen. Alle dei som helst vil lukke auga, vende blikket innover og ta med seg musikken til Stig Ulv på reisa.
Fingrane flyg ikkje over gripebrettet for å imponere, men for å fange stemningane i den vestlandske naturen, i sorg og melankoli.
Men ei konsertoppleving med Stig Ulv byr også på latter og i blant latterkrampe. Han kommuniserer direkte med sine tilhøyrarar gjennom sjølvironiske anekdotar. Han tar ikkje seg sjølv alvorleg – men tilhengjarane tar absolutt Stig Ulv seriøst. Tekstane på melodiane inneheld både humor og alvor, men Stig Ulv sin signatur vil du finne i både tekst og musikk
Dørene opnar kl: 20.00.
Musikk frå kl. 21.00
Billettar: 200,- (100,- for medlemmer i Folkeakademiet Askvoll)
Dette blir ein flott start på helga! Velkommen!