Kva kan du forvente?
Brynjulf Jung Tjønn (f. 1980) er forfattar, dramatikar og forlagsredaktør. Han har skrive fleire bøker for barn, ungdom og vaksne. I 2013 vann han Brageprisen for ungdomsromanen Så vakker du er. Tidlegare i år blei han tildelt Lytternes romanpris for Kvar dag skal vi vere så modige.
Foredraget Kvit norsk mann er ei diktsamling innehaldande vonde og kloke, men tidvis også morosame, dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Korleis er det for eit adoptivbarn å kome til Norge som ei reserveløysing, eit gjenbruksbarn, og bli odelsgut? Det ville vore enklare om han var kvit, norsk mann. Då ville ikkje born ropt ching-chong-kinamann etter han. Då ville ikkje folk lurt på kor han eigentleg kjem frå.
Kvit norsk mann bygger på forfattaren sine eigne erfaringar, men rettar seg mot eit heilt land av lesande og nyskjerrige menneske. Tekstane strekk seg også mot andre, liknande forteljingar – og tekstane set samtida og kulturen vår under lupa.
I foredraget vil Brynjulf Jung Tjønn fortelje om korleis boka blei til, om kvifor han skriv, og om kva Sogn og Fjordande og dødsfallet til Arve Beheim Karlsen har hatt å seie for skrivinga hans.
Brynjulf Jung Tjønn fekk nyleg tildelt Kritikarprisen 2023 for diktsamlinga.